Paulus' brev til Romerne 4
1 Kva skal me då segja at Abraham, ættefaren vår, hev vunne etter kjøtet?
2 For vart Abraham rettferdiggjord av gjerningar, so hev han noko å rosa seg av. Men det hev han ikkje for Gud.
3 For kva segjer Skrifti? Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd.
4 Men den som hev gjerningar, honom vert løni ikkje tilrekna av nåde, men etter skyldnad;
5 den derimot som ikkje hev gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudlege, honom vert trui hans rekna til rettferd.
6 Soleis prisar og David det mennesket sælt som Gud tilreknar rettferd utan gjerningar:
7 Sæle er dei som hev fenge broti sine tilgjevne og syndene sine yverbreidde.
8 Sæl er den mann som Herren ikkje tilreknar synd.
9 Gjeld no denne sælkingi berre dei umskorne, eller dei u-umskorne med? For me segjer: Trui vart rekna Abraham til rettferd.
10 Korleis vart ho då tilrekna han? Var det etter han var umskoren, eller medan han hadde fyrehud? Det var ikkje etter han var umskoren, men medan han hadde fyrehud,
11 og han fekk umskjeringsmerket til innsigle på rettferdi han vann ved den trui han hadde medan han var u-umskoren. Soleis skulde han vera far til alle dei u-umskorne som trur, so rettferdi kunde verta tilrekna dei og,
12 og like eins far til dei umskorne som ikkje berre hev umskjeringi, men og fylgjer fari åt den trui som Abraham, far vår, hadde då han var u-umskoren.
13 For det var ikkje ved lovi Abraham eller ætti hans fekk den lovnaden at han skulde vera erving til verdi, men ved den rettferdi som kjem av trui.
14 For dersom dei som held seg til lovi, er ervingar, so hev trui vorte gagnlaus, og lovnaden er gjort til inkjes;
15 For lovi verkar vreide; men der det ingi lov er, der er det ikkje lovbrot heller.
16 Difor var det ved trui han fekk lovnaden, so det kunde vera som ein nåde, so lovnaden kunde standa stødt for heile ætti, ikkje berre for den som hev Abrahams tru; for han er far åt oss alle -
17 som skrive stend: Til far åt mange folkeslag hev eg sett deg - i Guds augo, som han trudde på, han som gjer dei daude levande og talar um det som ikkje er til, liksom det var til.
18 Mot von trudde han med von, so han skulde verta far åt mange folkeslag etter det som sagt var: So skal ætti di verta.
19 Og han vart ikkje veik i trui når han kom i hug at hans eigen lekam var utlevd - han var då nær innpå hundrad år gamal - og at morslivet hennar Sara var burtvisna.
20 Han tvila ikkje i vantru på Guds lovnad, men vart sterk i si tru; for han gav Gud æra
21 og var fullviss på at det han hadde lova, det var han og mektig til å gjera.
22 Difor vart det og rekna han til rettferd.
23 Men det er ikkje berre for hans skuld det ordet stend skrive at det vart han tilrekna;
24 det er for vår skuld og; for oss og skal det verta tilrekna, oss som trur på han som vekte Jesus, vår Herre upp frå dei daude,
25 han som vart gjeven for våre brot og uppvekst til vår rettferdiggjering.