Paulus' brev til Romerne 2
1 Difor er du ikkje orsakande, menneske, kven du so er som dømer. For med di du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv; for du som dømer, gjer sjølv det same.
2 Men me veit at Guds dom, som sanning krev, råmar dei som fer med sovore.
3 Meiner du då det, menneske, du som dømer dei som fer med sovore, og sjølv gjer det same, at du skal sleppa undan Guds dom?
4 Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending?
5 Men din harde hug og ditt utbotferdige hjarta hopar du vreide yver deg på vreide-dagen, den dag då Guds rettferdige dom vert openberra;
6 for han skal gjeva kvar og ein lika for det han hev gjort:
7 dei som trottugt legg vinn på gode gjerningar, og som soleis søkjer herlegdom og æra og uforgjengelegdom, skal han gjeva æveleg liv;
8 men dei som er trassige og ikkje lyder sanningi, men lyder urettferdi, dei hev vreide og harm i vente.
9 Trengsla og angest skal koma yver kvar menneskesjel som gjer det som vondt er, både jøde fyrst og so grekar.
10 Men herlegdom og æra og fred skal timast kvar den som gjer det gode, både jøde fyrst og so grekar.
11 For Gud gjer ikkje skil på folk:
12 alle som synda utan lovi, skal og verta fortapt utan lovi, og alle som synda under lovi, skal verta dømde ved lovi;
13 for ikkje dei som høyrer lovi, er rettferdige for Gud, men dei som gjer det lovi segjer fyre, skal verta rettferdiggjorde.
14 For når heidningane, som ikkje hev lovi, av naturi gjer det lovi krev, so er dei - alt um dei ikkje hev lovi - seg sjølve ei lov;
15 dei syner då at lovgjerningi er skrivi i hjarto deira. Det er og samvitet deira eit vitnemål um, og like eins - i umgjenget dei imillom - tankane deira, når dei klagar eller og orsakar dei
16 - på den dag då Gud skal døma det som er dult hjå menneski, etter mitt evangelium ved Jesu Kristus.
17 Men um du vert kalla jøde og set di lit til lovi og rosar deg av Gud
18 og veit hans vilje og kann døma um kva som rett er, med di du lærer av lovi,
19 og trøyster deg til å vera ein vegvisar for blinde, eit ljos for dei som gjeng i myrker,
20 ein uppsedar for dårar, ein lærar for umyndige, av di du i lovi hev den rette form for kunnskap og sanning:
21 du som soleis lærer andre, lærer du ikkje deg sjølv? du som preikar at ein ikkje skal stela, stel du?
22 du som segjer at ein ikkje skal gjera hor, gjer du hor? du som styggjest ved avgudane, ranar du templi deira?
23 Du som rosar deg av lovi, du vanærar Gud med di du bryt lovi!
24 For Guds namn vert for dykkar skuld spotta millom heidningane, som skrive stend.
25 For umskjeringi gjer fulla gagn so framt du held lovi; men er du ein lovbrjotar, so hev umskjeringi di vorte til fyrehud.
26 Um no den u-umskorne held seg etter lovbodi, skal ikkje då hans fyrehud verta rekna for umskjering?
27 Og den som av naturi hev fyrehud, men gjer alt det lovi segjer fyre, skal døma deg, du som trass i skrivi lov og umskjeringi er ein lovbrjotar.
28 For rett jøde er ikkje den som er det i synom, og rette umskjeringi er ikkje heller den som er det i synom, på kjøtet;
29 rett jøde er berre den som er det i duldom, og rett umskjering er berre hjarte-umskjeringi i Anden, ikkje i bokstaven. Den som er so, fær si ros, ikkje av menneske, men av Gud.