«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Romerne 12

1  So legg eg dykk då på hjarta, brør, for Guds miskunn skuld, at de må bjoda fram lekamane dykkar til eit levande, heilagt offer, eit som Gud hev hugnad i - det er dykkar åndelege gudstenesta -

2  og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men lat dykk umskapa med di hugen dykkar vert uppattnya, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.

3  For ved den nåden som er meg gjeven, segjer eg til kvar og ein millom dykk at han ikkje skal tenkja høgre um seg enn han bør tenkja, men tenkja so at han tenkjer visleg, alt etter som Gud hev mælt ut åt kvar hans mål av tru.

4  For liksom me hev mange lemer på ein lekam, men ikkje alle lemene hev det same å gjera,

5  soleis er me, mange som me er, EIN lekam i Kristus, men kvar for seg er me lemene åt kvarandre.

6  Og sidan me hev ulike nådegåvor, alt etter den nåden som er oss gjeven, so lat oss, um me hev profetgåva, nytta henne etter som me hev tru til,

7  eller um me hev ei tenesta, syta for den tenesta, eller um ein er lærar, so lat han syta for læraryrket,

8  eller um ein er sett til å påminna, for påminningi; den som etlar ut gåvor, gjere det med ærleg hug; den som er forstandar, vere det med ihuge; den som gjer sælebot, gjere det med gleda!

9  Lat kjærleiken vera sviklaus; hav stygg til det vonde, haldt fast på det gode!

10  Ver varmhjarta mot kvarandre i broderkjærleik; kappast um å visa kvarandre vyrdnad!

11  Ver ikkje lunka i dykkar ihuge; ver brennande i åndi; ten Herren!

12  Gled dykk i voni, ver toluge i trengsla, trottuge i bøni!

13  Syn samhug med dei heilage i deira trong, legg vinn på gjestmildskap!

14  Velsigna dei som forfylgjer dykk; velsigna, og forbanna ikkje!

15  Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt!

16  Hav eitt hjartelag innbyrdes; trå ikkje etter det høge, men haldt dykk gjerne til det låge; ver ikkje sjølvkloke!

17  Gjev ikkje nokon vondt att for vondt; legg vinn på det som godt er, for alle manns augo!

18  So sant det er råd, so haldt de på dykkar sida fred med alle menneske!

19  Hemn dykk ikkje sjølve, de kjære, men gjev rom åt vreiden! for det stend skrive: Meg høyrer hemnen til, eg vil gjeva attgjeld, segjer Herren.

20  Um då fienden din er hungrig, so gjev han mat; er han tyrst, so gjev han drikka! for når du gjer det, sankar du gloande kol på hovudet hans.

21  Lat ikkje det vonde få vinna yver deg, men vinn du yver det vonde med det gode!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23