Paulus' brev til Romerne 11
1 So spør eg no: Hev då Gud støytt frå seg folket sitt? Nei, langt ifrå! Eg er då og ein israelit, av Abrahams ætt, av Benjamins ættgrein.
2 Gud hev ikkje støytt frå seg folket sitt, som han kjende fyreåt. Eller veit de ikkje kva Skrifti segjer i soga um Elias, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel:
3 Herre, profetane dine drap dei, altari dine reiv dei ned, og eg vart att åleine, og dei stend meg etter livet.
4 Men kva segjer Guds svar til han? Eg hev leivt meg sju tusund mann som ikkje hev bøygt kne for Ba'al.
5 Soleis hev det då og i den tid som no er, vorte att ein leivning, som Gud i sin nåde hev valt ut.
6 Men er det av nåde, so er det ikkje lenger på grunn av gjerningar, elles vert nåden ikkje nåde lenger.
7 Kva so? Det som Israel trår etter, det hev det ikkje nått; men dei utvalde hev nått det, dei hine hev vorte forherda,
8 som skrive stend: Gud gav dei ei dauvskapsånd, augo som ikkje ser, og øyro som ikkje høyrer, og so hev det vore til denne dag.
9 Og David segjer: Lat bordet deira verta ei snara og ei gildra, ei fella og ei attergjeld for dei!
10 Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og bøyg allstøtt ryggen deira!
11 So spør eg då: Hev dei då snåva for di at dei skulde falla? Nei, langt ifrå! men ved deira fall er frelsa komi til heidningane, so det skal vekkja åbryskap hjå dei.
12 Og er deira fall ein rikdom for verdi, og deira tap ein rikdom for heidningar, kor mykje meir då fullnaden deira!
13 For til dykk talar eg, de heidningar! So sant som eg er apostel for heidningane, prisar eg embetet mitt,
14 um eg berre kunde få vekt åbryskap hjå dei som er mitt eige kjøt og blod, og då frelst nokre av dei.
15 For hev verdi vorte forlikt med Gud med di dei vart vanda, kva anna kann det då verta enn liv av daude, når dei vert mottekne?
16 Men er fyrstegrøda heilag, so er deigen det og, og er roti heilag, so er greinene det og.
17 Um no like vel sume av greinene vart avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, vart innpota millom dei og fekk eiga med i roti og feita åt oljetreet,
18 so skal du ikkje briska deg mot greinene! men briskar du deg, so er det då ikkje du som ber roti, men roti som ber deg.
19 So vil du vel segja: Greinene vart avbrotne for di at eg skulde verta innpota.
20 Ja vel! for si vantru skuld vart dei avbrotne, men du stend for di tru skuld; ovmoda deg ikkje, men ottast!
21 For sparde ikkje Gud dei naturlege greinene, so sparer han ikkje deg heller.
22 Sjå då kor god Gud er, og kor streng! - streng imot dei som er falne, men god imot deg, so sant du held deg til godleiken hans; elles vert du og avhoggen.
23 Men hine skal og verta innpota, so sant dei ikkje held fram i vantrui si; for Gud hev makt til å pota dei inn att.
24 For vart du avhoggen av det oljetreet som er vilt av naturi, og imot naturi innpota i eit godt oljetre, kor mykje heller må då ikkje desse, som av naturi høyrer til der, verta innpota i sitt eige oljetre!
25 For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um den løyndomen - so de ikkje skal tykkjast dykk sjølve kloke - at forherding hev kome yver ein lut av Israel, til dess fullnaden av heidningane er innkomen,
26 og soleis skal heile Israel verta frelst, som skrive stend: Frå Sion skal frelsaren koma, han skal rydja gudløysa burt frå Jakob,
27 og når eg tek burt syndene deira, so er det pakti mi med dei.
28 Tenkjer me på evangeliet, so er dei fiendar for dykkar skuld, men tenkjer me på utveljingi, so er dei elska for federne skuld;
29 for Gud angrar ikkje på nådegåvone sine og kallet sitt.
30 For liksom de fyrr var ulydige mot Gud, men no hev fenge miskunn ved deira ulydnad,
31 soleis hev dei og no vore ulydige, for at dei og skal få miskunn ved den miskunn som de hev fenge;
32 for Gud hev gjeve dei alle yver til ulydnad for at han kunde miskunna dei alle.
33 Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hjå Gud! Kor uransakelege domane hans er, og kor urekkjande vegane hans!
34 For kven kjende Herrens hug? eller kven var rådgjevaren hans?
35 Eller kven gav honom noko fyrst, so han skulde få lika for det?
36 For av han og ved han og til han er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen.