«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Romerne 1

1  Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utkåra til å forkynna Guds evangelium,

2  som han fyreåt hadde lova gjenom profetane sine i heilage skrifter,

3  evangeliet um Son hans, som etter kjøtet er komen av Davids ætt,

4  men etter heilagdoms ånd er Guds veldige Son, som prova vart med di han stod upp frå dei daude, Jesus Kristus, vår Herre,

5  han som me fekk nåde ved og apostel-embete, so me skulde verka lydnad i tru millom alle heidning-folki til æra for hans namn

6  - millom dei er de og kalla til Jesus Kristus -

7  til alle Guds kjære i Rom, dei som er kalla og heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!

8  Fyrst takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, av di trui dykkar er namngjeti i heile verdi.

9  For Gud, som eg tener i mi ånd i hans Sons evangelium, han er mitt vitne kor uavlatande eg kjem dykk i hug.

10  I bønene mine bed eg alltid um at eg då endeleg ein gong, um Gud so vil, må få lukka til å koma til dykk.

11  For eg stundar etter å sjå dykk, so eg kunde lata dykk få med i eikor åndeleg nådegava, og de soleis kunde styrkjast,

12  eg meiner: so eg hjå dykk kunde kveikjast saman med dykk ved vår sams tru, dykkar og mi.

13  Og eg vil ikkje de skal vera uvitande um, brør, at eg ofte hev sett meg fyre å vitja dykk - men til dessa hev eg vorte hindra - so eg kunde hausta noko frukt hjå dykk og, liksom hjå hine heidning-folki.

14  Eg stend i skuld både til både grekarar og barbararar, både til lærde og ulærde.

15  Difor er eg, so vidt det stend på meg, viljug til å forkynna evangeliet for dykk i Rom og.

16  For eg skjemmest ikkje ved evangeliet; det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grekar;

17  for i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: Den rettferdige, ved tru skal han leva.

18  For Guds vreide vert openberra frå himmelen yver all gudløysa og urettferd hjå menneske som held sanningi nede i urettferd.

19  For det som ein kann vita um Gud, ligg ope for dei; Gud hev sjølv openberra dei det.

20  For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og hans guddom, hev vore synleg alt i frå verdi vart skapt, med di ein kann skyna han av gjerningane - so dei hev ikkje noko å orsaka seg med

21  for di dei, endå dei kjende Gud, ikkje æra eller takka han som Gud, men vart dårlege i tankane sine, og det uvituge hjarta deira formyrktest.

22  Medan dei briska seg med at dei var vise, vart dei dårar,

23  og bytte den uforgjengelege Guds herlegdom i eit bilete, ei etterlikning av eit forgjengeleg menneske og fuglar og firføtte dyr og krek.

24  Difor gav Gud dei i deira hjartans lyster yver til ureinskap, so dei skjemde lekamane sine seg imillom,

25  dei som bytte burt Guds sanning i lygn, og æra og dyrka skapningen i staden for skaparen, han som er velsigna i all æva. Amen.

26  Difor gav Gud dei yver til skammelege lyster: både forvende kvinnone deira det naturlege umgjenget til eit som var imot naturi,

27  og like eins gjekk mennene og burt frå det naturlege umgjenget med kvinna og tok til å brenna av gir etter kvarandre, so menn dreiv skjemdarverk med menn, og fekk på seg sjølve den løni dei var verde å få for villferdi si.

28  Og som dei ikkje brydde seg um å eiga Gud i kunnskap, so gav Gud dei yver til ein hug som inkje duger, so dei gjorde slikt som ikkje sømer seg:

29  dei var fulle av allslags urettferd, vanart, vinnesykja, vondskap; dei var fulle av ovund, mord, tretta, svik, list;

30  dei var øyretutarar, baktalarar, folk som Gud styggjest ved, valdsmenn, ovmodige, storskrøytarar, snare til å finna på vondt, ulydige mot foreldre,

31  uvituge, usætande, ukjærlege, hardhjarta,

32  slike som vel kjenner Guds dom at dei som fer med sovore, er verde å døy, og like vel ikkje berre gjer det, men endå til held med dei som fer med det.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23