Johannes' Åpenbaring 8
1 Og då det opna det sjuande innsiglet, var det stilt i himmelen umkring ein halv time.
2 Og eg såg dei sju englane som stend for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar.
3 Og ein annan engel kom og stod ved altaret, og han hadde eit røykjelse-fat av gull; og det vart gjeve han mykje røykjelse, som han skulde leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor stolen.
4 Og røyken av røykjelsen steig frå engelens hand upp for Gud med bønene frå dei heilage.
5 Og engelen tok røykjelse-fatet og fyllte det med eld frå altaret og kasta det på jordi; og det kom toredunar og røyster og eldingar og jordskjelv.
6 Og dei sju englane som hadde dei sju basunane, gjorde seg ferdige til å blåsa i dei.
7 Og den fyrste engelen bles. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og vart kasta ned på jordi; og tridjeparten av jordi vart uppbrend, og tridjeparten av trei vart uppbrend, og alt grønt gras vart uppbrend.
8 Og den andre engelen bles. Då var det som eit stort brennande fjell vart kasta i havet, og tridjeparten av havet vart til blod.
9 Og so døydde tridjeparten av dei skapningar i havet som hadde liv, og tridjeparten av skipi gjekk under.
10 Og den tridje engelen bles. Då fall frå himmelen ei stor stjerna, brennande som ein kyndel, og ho fall på tridjeparten av elvane og på vasskjeldone.
11 Og namnet på stjerna er Malurt, og tridjeparten av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet, av di det hadde vorte beiskt.
12 Og den fjorde engelen bles, Då vart tridjeparten av soli slegen, og tridjeparten av månen og tridjeparten av stjernone, so tridjeparten av dei skulde verta formyrkt, og tridjeparten av dagen missa ljoset sitt, og natti like eins.
13 Sidan høyrde eg i syni mi ein ørn, som flaug under det høgste av himmelen og sa med høg røyst: Ve, ve, ve yver dei som bur på jordi, for dei andre basunrøystene av dei tri englane som endå skal blåsa!