«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' Åpenbaring 6

1  Og eg såg då Lambet opna eit av dei sju innsigli, og eg høyrde eit av dei fire levendi segja som med torerøyst: Kom!

2  Då fekk eg sjå ein kvit hest; og han som sat på han, hadde ein boge, og det vart gjeve han ei kruna, og han drog ut med siger og til siger.

3  Og då det opna det andre innsiglet, høyrde eg det andre levendet segja: Kom!

4  Og det kom ut ein annan hest, som var raud, og han som sat på han, vart det gjeve å taka freden burt frå jordi, og at dei skulde slakta kvarandre; og det var gjeve han eit stort sverd.

5  Og då det opna det tridje innsiglet, høyrde eg det tridje levendet segja; Kom! Då fekk eg sjå ein svart hest; og han som sat på han, hadde ei vekt i handi.

6  Og eg høyrde liksom ei røyst midt imillom dei fire levendi, som sa: Eit mål kveite for ein pening, og tri mål bygg for ein pening; men oljen og vinen skal du ikkje skada.

7  Og då det opna det fjorde innsiglet, høyrde eg røysti av det fjorde levendet, som sa: Kom!

8  Då fekk eg sjå ein gul hest; og han som sat på han, hans namn var dauden, og helheimen fylgde med han; og det vart gjeve dei makt yver fjordeparten av jordi, til å drepa med sverd og med svolt og med sott og ved villdyri på jordi.

9  Og då det opna det femte innsiglet, såg eg under altaret deira sjeler som var myrde for Guds ord skuld, og for det vitnemålet skuld som dei hadde;

10  og dei ropa med høg røyst og sa: Herre, du heilage og sannordige, kor lenge drygjer du fyrr du held dom og hemner bodet vårt på dei som bur på jordi?

11  Og det vart gjeve kvar og ein av dei ein lang kvit kjole, og det vart sagt dei at dei skulde slå seg til ro endå ei liti stund, til dess talet vart fullt på deira medtenarar og deira brør som skulde verta ihelslegne liksom dei.

12  Og eg såg Lambet opna det sette innsiglet, Då vart det ein stor jordskjelv, og soli vart svart som ein hårsekk, og heile månen vart som blod,

13  og stjernone på himmelen fall ned på jordi, liksom eit fiketre kastar sine umogne fikor ned når det vert rist av sterk vind.

14  Og himmelen kvarv som ein bokrull som vert samanrulla, og kvart fjell og kvar øy vart flutt frå sin stad.

15  Og kongane på jordi og stormennene og herhovdingane og dei rike og dei veldige og kvar træl og kvar fri mann gøymde seg i holor og millom berghamrar,

16  og dei segjer til fjelli og hamrane: Fall yver oss og gøym oss for hans åsyn som sit på kongsstolen, og for vreiden åt Lambet!

17  For deira store vreide-dag er komen, og kven kann standa seg?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23