«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' Åpenbaring 4

1  Deretter fekk eg sjå ei dør som var opna i himmelen, og den fyrste røysti, som eg hadde høyrt liksom av ein basun, som tala med meg, sa: Stig upp her, so skal eg syna deg det som skal henda heretter!

2  Straks vart eg burtrykt i åndi, og sjå, ein kongsstol stod i himmelen, og det sat ein på stolen.

3  Og han som sat der, var sjåande til liksom jaspis og sarderstein, og det var ein regnboge rundt um stolen, å sjå til liksom ein smaragd.

4  Og rundt ikring stolen var det fire og tjuge stolar, og på stolane såg eg fire og tjuge eldste sitjande, klædde i kvite klæde, og dei hadde gullkrunor på hovudi sine.

5  Og frå stolen fer det ut eldingar og røyster og toredunar, og framfor stolen brenn sju eldkyndlar, som er dei sju Guds ånder.

6  Og framfor stolen er det liksom eit glashav, likt krystall, og midt for stolen og rundt um stolen er det fire levende, fulle av augo framantil og attantil.

7  Og den fyrste levendet er likt ei løva, og det andre levendet er likt ein ukse, og det tridje levendet hev åsyn som eit menneske, og det fjorde levendet er likt ei fljugande ørn.

8  Og dei fire levendi hev, kvart for seg, seks venger; rundt ikring og innantil er dei fulle av augo; og dei held ikkje upp dag eller natt med å segja: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, den allmektige, han som var og som er og som kjem!

9  Og når dei fire levendi gjev pris og æra og takk åt han som sit på stolen, han som lever i all æva,

10  so fell dei fire og tjuge eldste ned for han som sit på stolen, og tilbed han som lever i all æva, og kastar krunone sine ned for stolen og segjer:

11  Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få prisen og æra og makti! for du hev skapt alle ting, og for di du so vilde, var dei til og vart dei skapte!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23