«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' Åpenbaring 3

1  Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes: Dette segjer han som hev dei sju Guds ånder og dei sju stjernone: Eg veit um gjerningane dine, at du hev namn av at du lever, og du er daud.

2  Vert vaken, og styrk det andre, som var på veg til å døy! for eg hev ikkje funne gjerningane dine fullkomne for min Gud.

3  Kom difor i hug korleis du hev lært og høyrt, og tak vare på det og vend um! Dersom du då ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva stund eg kjem yver deg.

4  Men du hev nokre få namn i Sardes, som ikkje hev flekka klædi sine, og dei skal ganga med meg i kvite klæde; for dei er verde det.

5  Den som sigrar, han skal verta klædd soleis i kvite klæde, og eg skal ikkje strjuka namnet hans ut or livsens bok, og eg vil kjennast ved namnet hans for Far min og for hans englar.

6  Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane!

7  Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette segjer den Heilage, den Sannordige, han som hev Davids lykel, han som let upp, og ingen let att, og ingen let upp:

8  Eg veit um gjerningane dine. Sjå, eg hev sett framfyre deg ei opna dør, og ingen kann lata henne att; for du hev liti kraft, og hev like vel teke vare på mitt ord og ikkje forneitta mitt namn.

9  Sjå, eg let nokre av Satans synagoga koma, av dei som segjer dei er jødar, og ikkje er det, men lyg. Sjå, eg vil gjera so at dei skal koma og falla ned for føtene dine og skyna at eg hev elska deg.

10  Sidan du hev teke vare på mitt ord um tolmod, so vil eg og fria det ut or den prøvings-stundi som skal koma yver all heimen, til å prøva dei som bur på jordi.

11  Eg kjem snart. Hald fast på det du hev, so ingen skal taka kruna di!

12  Den som sigrar, han vil eg gjera til ein pilar i min Guds tempel, og han skal aldri meir ganga ut derifrå, og eg vil skriva på han min Guds namn og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, det som kjem ned frå himmelen frå min Gud, og mitt namn, det nye.

13  Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane!

14  Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea: Dette segjer han som er amen, det truverdige og sannordige vitnet, upphavet til Guds skapning:

15  Eg veit um gjerningane dine; at du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm!

16  Difor, etter di du er lunka, og korkje kald eller varm, vil eg spy deg ut or munnen min.

17  Sidan du segjer: Eg er rik og hev ovnøgd og treng ingen ting, og du veit ikkje at du er arm og ynkeleg og fatig og blind og naken,

18  so råder eg deg til å kjøpa av meg gull som er glødt i eld, so du kann verta rik, og kvite klæde, so du kann klæda deg med dei, og skammi av din nakenskap ikkje skal verta synberr, og salva augo dine med augnesalve, so du kann sjå!

19  Alle dei eg elskar, dei refser og tuktar eg. Ver difor ihuga og vend um!

20  Sjå, eg stend for døri og bankar på; dersom nokon høyrer mi røyst og let upp døri, so vil eg ganga inn til han og halda nattverd med han, og han med meg.

21  Den som sigrar, han vil eg gjeva å sitja med meg på min kongsstol, liksom eg og hev sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.

22  Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23