Johannes' Åpenbaring 21
1 Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord; for den fyrste himmelen og den fyrste jordi hadde kvorve burt, og havet er ikkje meir.
2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, stiga ned ifrå himmelen frå Gud, budd som ei brur som er prydd for brudgomen sin.
3 Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sa: Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå dei; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal ver hjå dei og vera deira Gud.
4 Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.
5 Og han som sat på kongsstolen sa: Sjå, eg gjer alle ting nye! Og han segjer til meg: Skriv! for desse ordi er truverdige og sanne.
6 Og han sa til meg: Det er gjort. Eg er Alfa og Omega, upphavet og enden. Eg vil gjeva den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.
7 Den som sigrar, skal erva alle ting, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
8 Men dei som er reddhuga og vantruande og styggelege og manndråparar og horkarar og trollmenn og avgudsdyrkarar, og alle ljugarar, deira lut skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel; det er den andre dauden.
9 Og ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fyllte med dei sju siste plagone, kom til meg og tala med meg og sa: Kom, eg skal visa deg bruri, vivet åt Lambet!
10 Og han førde meg i åndi burt på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen Jerusalem, som steig ned ifrå himmelen frå Gud.
11 Byen hadde Guds herlegdom, og hans ljos var som den dyrverdigste stein, som krystallblank jaspis.
12 Og han hadde ein stor og høg mur; han hadde tolv portar, og på portane tolv englar og innskrivne namn, namni på dei tolv ætter av Israels-borni;
13 mot aust var tri portar, mot nord tri portar, mot sud tri portar, mot vest tri portar.
14 Og muren um byen hadde tolv grunnsteinar, og på dei namni på dei tolv apostlane åt Lambet.
15 Og han som tala med meg, hadde ei gullrøyr til å mæla byen og portane og muren.
16 Og byen ligg i ein firkant, og lengdi på han er so stor som breiddi. Og han mælte byen med røyri: tolv tusund stadier; lengdi og breiddi og høgdi på han er like.
17 Og han mælte muren ikring han: eit hundrad og fire og fyrti alner, etter menneskemål, som og er englemål.
18 Og muren var bygd av jaspis, og byen var av reint gull, lik reint glas.
19 Og grunnsteinane i bymuren var prydde med allslags dyre steinar: den fyrste grunnsteinen var jaspis, den andre safir, den tridje kalkedon, den fjorde smaragd,
20 den femte sardonyks, den sette sarder, den sjuande krysolit, den åttande beryll, den niande topas, den tiande krysopras, den ellevte hyasint, den tolvte ametyst.
21 Og dei tolv portane var tolv perlor; kvar ein av portane var av EI perla, og gata i byen var reint gull, som klårt glas.
22 Og eg såg ikkje noko tempel i han; for hans tempel er Herren Gud, den allmektige, og Lambet.
23 Og byen treng ikkje soli eller månen til å skina åt seg; for Guds herlegdom upplyser han, og Lambet er hans ljos.
24 Og folkeslagi skal ferdast i hans ljos, og kongane på jordi ber sin herlegdom inn i han.
25 Og portane hans skal aldri verta stengde um dagen; for natt skal ikkje vera der.
26 Og dei skal bera herlegdomen og æra åt folkeslagi inn i han.
27 Og inkje ureint skal koma inn i han, og ingen som fer med styggedom og lygn, men berre dei som er innskrivne i livsens bok hjå Lambet.