«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' Åpenbaring 20

1  Og eg såg ein engel stige ned frå himmelen, som hadde lykelen til avgrunnen og ei stor lekkja i handi.

2  Og han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusund år

3  og kasta han i avgrunnen og læste han inne og sette innsigle yver han, so han ikkje lenger skulde dåra folki, til dess dei tusund åri var lidne. Og etter den tid skal han verta løyst ei liti stund.

4  Og eg såg stolar, og dei sette seg på dei, og det vart gjeve dei makt til å halda dom; og eg såg deira sjeler som var halshogne for Jesu vitnemål og Guds ord skuld, og dei som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det, og ikkje teke merket på panna og på handi si; og dei vart levande og rådde saman med Kristus i tusund år.

5  Men dei andre daude vart ikkje levande att fyrr dei tusund år var lidne. Dette er den fyrste uppstoda.

6  Sæl og heilag er den som hev lut i den fyrste uppstoda; yver dei hev den andre dauden ingi makt, men dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda saman med han i tusund år.

7  Og når dei tusund åri er lidne, skal Satan verta løyst ut or fengslet sitt.

8  Og han skal ganga ut og dåra folki som bur ved dei fire jordhyrno, Gog og Magog, og føra dei saman til strid, og talet på dei er som havsens sand.

9  Og dei drog fram yver den vide jord og kringsette lægret åt dei heilage og den byen som Gud elska. Og det fall eld ned ifrå himmelen og øydde dei.

10  Og djevelen, som hadde dåra dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten var; og dei skal verta pinte dag og natt i all æva.

11  Og eg såg ein stor kvit kongsstol, og han som sat på den; og jordi og himmelen flydde frå hans åsyn, og det vart ikkje funne nokon stad åt dei.

12  Og eg såg dei daude, små og store, standa framfor Gud, og bøker vart opna; og ei onnor bok vart opna, det er livsens bok. Og dei daude vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.

13  Og havet gav att dei daude som var i det, og dauden og helheimen gav att dei daude som var i dei, og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.

14  Og dauden og helheimen vart kasta i eldsjøen, Dette er den andre dauden: eldsjøen.

15  Og dersom nokon ikkje fanst uppskriven i livsens bok, so vart han kasta i eldsjøen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23