Johannes' Åpenbaring 19
1 Deretter høyrde eg liksom ei høg røyst av ein stor skare i himmelen, som sa: Halleluja! Frelsa og æra og makti høyrer vår Gud til!
2 For sanne og rettferdige er domane hans; han hev dømt den store skjøkja, ho som øydela jordi med hordomen sin, og han hev kravt blodet av tenarane sine or hennar hand!
3 Og dei sa ein gong til: Halleluja! Og røyken av henne stig upp i all æva.
4 Og dei fire og tjuge eldste og dei fire levendi fall ned og tilbad Gud, som sat på kongsstolen, og sa: Amen! Halleluja!
5 Og det kom ei røyst ut frå kongsstolen, som sa: Lova vår Gud, alle de tenarane hans, og de som ottast han, både små og store!
6 Og eg høyrde liksom ei røyst av ein stor skare og som ein ljod av mange vatn og som ein ljod av sterke toredunar, som sa: Halleluja! for Herren Gud, den allmektige, hev vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gjeva han æra! for brudlaupet åt Lambet er kome, og bruri hans hev butt seg til,
8 og det er henne gjeve å klæda seg i reint og skinande fint linty. For det fine lintyet er dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han segjer til meg: Skriv: Sæle er dei som er bedne til brudlaupsnattverden åt Lambet! Og han segjer til meg: Dette er Guds sanne ord.
10 Og eg fall ned for føtene hans og vilde tilbeda han; og han segjer til meg: Akta deg for det! eg er medtenar til deg og brørne dine, dei som hev Jesu vitnemål. Gud skal du tilbeda! For Jesus vitnemål er åndi i profetordet.
11 Og eg såg himmelen opna og fekk der sjå ein kvit hest; og den som sat på han, heiter Trufast og Sannordig, og han dømer og strider med rettferd.
12 Augo hans er som eldsloge, og på hovudet hans er det mange krunor; han hev eit namn skrive som ingen kjenner utan han sjølv,
13 og han er klædd i ein klædnad som er duppa i blod, og han er kalla Guds Ord.
14 Og herane i himmelen fylgde han på kvite hestar og klædde i kvitt og reint fint linty.
15 Og or munnen hans gjeng det ut eit kvast sverd til å slå heidningane med; og han skal styra dei med jarnstav, og han trøder persa med den strenge vreide-vinen frå Gud, den allmektige.
16 Og på klædnaden sin og på lendi si hev han eit namn skrive: Kongen yver kongar og herren yver herrar.
17 Og eg såg ein engel som stod i soli, og han ropa med høg røyst og sa til alle fuglane som flyg under det høgste av himmelen: Kom og sanka dykk til Guds store matmål:
18 til å eta kjøt av kongar og kjøt av herhovdingar og kjøt av veldige og kjøt av hestar og kjøt av dei som sat på dei, og kjøt av alle, frie og trælar, små og store!
19 Og eg såg dyret og kongane på jordi og herane deira samankomne til å føra strid mot han som sat på hesten, og mot heren hans.
20 Og dyret vart gripe, og saman med det den falske profeten, han som for augo på det hadde gjort dei teikni han hadde dåra dei med som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Desse tvo vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.
21 Og dei andre vart drepne med sverdet hans som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane vart metta av kjøtet deira.