Johannes' Åpenbaring 18
1 Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen; han hadde stor makt, og jordi vart upplyst av hans herlegdom,
2 og han ropa med sterk røyst og sa: Falli, falli er Babylon, den store, og ho hev vorte bustad for vonde ånder, eit fangebol for alle ureine ånder, og eit fangebol for alle ureine og styggelege fuglar;
3 for av hennar hordoms vreide-vin hev alle folki drukke, og kongane på jordi hev drive hor med henne, og kjøpmennene på jordi hev vorte rike av hennar ovlivnads fylla.
4 Og eg høyrde ei onnor røyst frå himmelen, som sa: Gakk ut frå henne, mitt folk, so de ikkje skal verta medskuldige i syndene hennar og ikkje få noko av plagone hennar!
5 For syndene hennar når alt upp til himmelen, og Gud hev kome hennar urettferdige gjerningar i hug.
6 Gjev henne att som ho hev gjeve, og gjev henne tvifaldt lika for hennar gjerningar! Skjenk henne tvifaldt i den skåli som ho hev skjenkt i!
7 So mykje som ho hev æra seg sjølv og levt i ovlivnad, so mykje pinsla og sorg skal de gjeva henne! For di ho segjer i sitt hjarta: Eg sit som dronning og er ikkje enkja, og sorg skal eg aldri sjå,
8 difor skal plagone hennar koma på ein dag: daude og sorg og svolt; og ho skal verta uppbrend med eld; for sterk er Herren Gud, som dømde henne.
9 Og kongane på jordi, som hev drive hor og levt i ovlivnad med henne, skal gråta og barma seg yver henne når dei ser røyken av hennar brand,
10 medan dei stend langt undan av otte for pinsla hennar, og dei skal segja: Usæl, usæl du store by Babylon, du sterke by, at domen din er komen i ein time!
11 Og kjøpmennene på jordi skal gråta og syrgja yver henne, av di ingen lenger kjøper skipsladningane deira:
12 skipsladningar av gull og sylv og dyre steinar og perlor og fint linty og purpur og silke og skarlak, og allslags angande tre og allslags kjerald av filsbein og allslags kjerald av dyrverdigt tre og kopar og jarn og marmor,
13 og kanel og hårsalve og røykjelse og myrra og røykjeverk og vin og olje og fint mjøl og kveite og storfe og sauer og hestar og vogner og trælar og menneskesjeler.
14 Og den frukt som di sjel hadde lyst til, er komi burt for deg, og alt det feite og glimande er kome burt for deg, og aldri skal nokon finna det meir.
15 Dei som handlar med slikt, dei som hev vorte rike ved henne, skal standa langt undan av otte for pinsla hennar og gråta og syrgja og segja:
16 Ve, ve yver den store byen, som var klædd i fint linty og purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perlor, at so stor ein rikdom er øydd i ein time!
17 Og kvar styremann og kvar skipsførar og alle sjøfolk og alle dei som fer på havet, stod langt undan
18 og ropa då dei såg røyken av hennar brand, og sa: Kven er lik den store byen?
19 Og dei kasta dust på hovudi sine og ropa med gråt og sorg og sa: Ve, ve yver den store byen, der alle som hev skip på havet, hev vorte rike av hennar eigneluter, at ho er lagd i øyde i ein time!
20 Fagna deg yver henne, du himmel, og de heilage, og de apostlar og profetar, av di Gud hev halde dom for dykk yver henne!
21 Og ein veldig engel lyfte ein stein som ein stor kvernstein og kasta han i havet og sa: So skal Babylon, den store byen, verta nedkasta med hast og aldri meir verta funnen.
22 Og ljod av harpespelarar og songarar og fløytelåtarar og lurblåsarar skal aldri meir verta høyrd i deg, og ingen som driv nokor kunst, skal finnast meir i deg, og ljod av kvern skal aldri meir verta høyrd i deg,
23 og ljos av lampa skal aldri meir skina i deg, og røyst av brudgom og brur aldri meir verta høyrd i deg; for dine kjøpmenn var storkarane på jordi, av di alle folk vart dåra ved din trolldom.
24 Og i henne vart det funne blod av profetar og heilage og av alle dei som er myrde på jordi.