Johannes' Åpenbaring 16
1 Og eg høyrde ei høg røyst frå templet, som sa til dei sju englane: Gakk og tøm dei sju skålene med Guds vreide ut på jordi!
2 Og den fyrste gjekk og tømde si skål på jordi. Då kom det ein vond og våleg svoll på dei menneski som hadde merket åt dyret, og som tilbad biletet av det.
3 Og den andre engelen tømde si skål i havet. Då vart det til blod som av ein daud mann, og kvar levande sjel i havet døydde.
4 Og den tridje engelen tømde si skål i elvane og vasskjeldone. Då vart det til blod.
5 Og eg høyrde engelen yver vatni segja: Rettferdig er du som er og som var, du heilage, at du hev dømt so;
6 for blod av heilage og av profetar rende dei ut, og blod gav du dei å drikka; dei er verde det.
7 Og eg høyrde altaret segja: Ja, Herre Gud, du allmektige, sanne og rettferdige er dine domar.
8 Og den fjorde engelen tømde si skål på soli, og ho fekk makt til å brenna menneski med eld.
9 Og menneski vart brende i stor hete, og dei spotta Guds namn, hans som hev makt yver desse plagone, og dei vende ikkje um so dei gav han æra.
10 Og den femte engelen tømde si skål yver kongsstolen åt dyret; og riket åt dyret vart formyrkt, og dei togg tungone sine av pinsla,
11 og dei spotta Gud i himmelen for pinslone sine og svollane sine, og vende ikkje um frå sine gjerningar.
12 Og den sette engelen tømde si skål i den store elvi Eufrat, og vatnet i henne turka upp, so vegen skulde verta rudd for kongane frå Auster-land.
13 Og eg såg at det or munnen på draken og or munnen på dyret og or munnen på den falske profeten kom ut tri ureine ånder som liktest paddor;
14 for dei er djevle-ånder som gjer teikn, og dei gjeng ut til kongane i heile mannheimen til å sanka dei saman til striden på den store dagen åt Gud den allmektige.
15 Sjå, eg kjem som ein tjuv; sæl er den som vaker og vaktar klædi sine, so han ikkje skal ganga naken og dei skal sjå hans skam.
16 Og han førde dei saman til den staden som heiter på hebraisk Harmageddon.
17 Og den sjuande engelen tømde si skål i lufti; då kom det ei høg røyst frå templet i himmelen, frå kongsstolen, og sa: Det er gjort!
18 Og der kom eldingar og røyster og toredunar, og det vart ein stor jordskjelv, ein slik at det, alt sidan menneskja vart til på jordi, ikkje hev vore ein sovoren jordskjelv, so stor.
19 Og den store byen vart kløyvd i tri partar, og byane åt folki fall, og Babylon, den store, vart ihugkomi for Gud, at ho skulde få skåli med hans strenge vreides vin.
20 Og kvar øy kvarv burt, og fjell vart ikkje funne.
21 Og stort hagl, som hundrad pund tungt, fall ned frå himmelen på menneski, og menneski spotta Gud for plaga av haglet; for den plaga var ovleg stor.