«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' Åpenbaring 11

1  Og det vart gjeve meg ei røyr liksom ein stav, med dei ordi: Statt upp og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der!

2  Men fyregarden utanfor templet, lat han vera, og mæl han ikkje! for han er gjeven åt heidningane, og dei skal trøda ned den heilage byen i tvo og fyrti månader.

3  Og eg vil gjeva mine tvo vitne at dei skal vera profetar i tusund og tvo hundrad og seksti dagar, klædde i sekk.

4  Dette er dei tvo oljetrei og dei tvo ljosestakane som stend framfor herren yver jordi.

5  Og dersom nokon vil gjera dei skade, so gjeng det eld ut or munnen deira og øyder fiendane deira; ja, dersom nokon vil gjera dei skade, skal han verta drepen på den måten.

6  Desse hev makt til å lata att himmelen, so de ikkje skal falla regn i dei dagar dei er profetar; og dei hev makt yver vatni til å umskapa dei til blod, og til å slå jordi med allslags plaga, so ofte dei vil.

7  Og når dei hev fullført sitt vitnemål, skal dyret som stig upp or avgrunnen, føra strid med dei og vinna på dei og drepa dei.

8  Og liki deira skal liggja på gatone i den store byen, den som i åndeleg tyding vert kalla Sodoma og Egyptar-land, der som og deira herre vart krossfest.

9  Og nokre av landslydane og ættene og tungemåli og folki skal sjå liki deira tri dagar og ein halv, og ikkje lata liki deira verta lagde i grav.

10  Og dei som bur på jordi, skal gleda seg yver dei og fagna seg, og dei skal senda kvarandre gåvor, av di desse tvo profetane var til plaga for dei som bur på jordi.

11  Og etter dei tri dagar og ein halv kom det livsande frå Gud i dei, og dei reiste seg upp på føtene, og ein stor otte fall på dei som såg dei.

12  Og dei høyrde ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: Stig upp her! Og dei steig upp til himmelen i skyi, og fiendane deira såg dei.

13  Og i same stundi kom det ein stor jordskjelv, og tiandeparten av byen fall, og sju tusund mann vart drepne i jordskjelven; og dei andre vart forfærde og gav Gud i himmelen æra.

14  Det andre ve er yverstade; sjå, det tridje ve kjem snart.

15  Og den sjuande engelen bles. Då høyrdest høge røyster i himmelen, som sa: Kongedømet yver verdi er tilfalle vår Herre og den han salva, og han skal vera konge i all æva.

16  Og dei fire og tjuge eldste, som sit framfor Gud på stolane sine, fall ned på sitt andlet og tilbad Gud og sa:

17  Me takkar deg, Herre Gud, du allmektige, du som er og som var, for di du hev teke di store makt og vorte konge.

18  Og heidningane hev vorte vreide, og din vreide er komen, og den tid då dei daude skal dømast, og då du skal løna dine tenarar profetane og dei heilage og dei som ottast ditt namn, dei små og dei store, og då du skal øyda dei som øyder jordi.

19  Og Guds tempel i himmelen vart upplate, og hans paktkista vart sedd i templet hans; og det kom eldingar og røyster og toredunar og jordskjelv og stort hagl.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23