Johannes' Åpenbaring 10
1 Og eg såg ein annan veldig engel stiga ned frå himmelen, sveipt i ei sky, og regnbogen var yver hovudet hans, og hans åsyn var som soli, og føtene hans som eldstolpar.
2 Og han hadde i handi ei liti opna bok, og han sette den høgre foten på havet og den vinstre på jordi.
3 Og han ropa med høg røyst, som ei løva burar, og då han hadde ropa, tala dei sju toredunane med sine røyster.
4 Og då dei sju toredunane hadde tala, vilde eg til å skriva; og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: Set innsigle for det som dei sju toredunane tala, og skriv det ikkje upp!
5 Og engelen som eg såg stod på havet og på jordi, lyfte den høgre handi upp mot himmelen
6 og svor ved han som lever i all æva, som skapte himmelen og det som er i han, og jordi og det som er på henne, og havet og det som er i det, at det ikkje lenger skal vera nokor tid,
7 men i dei dagar då røysti av den sjuande engelen vert høyrd, når han skal blåsa i basun, då skal Guds løyndom vera fullenda, so som han forkynte for tenarane sine, profetane.
8 Og den røysti som eg hadde høyrt frå himmelen, høyrde eg tala med meg att og segja: Gakk og tak den litle opne boki i handi på den engelen som stend på havet og på jordi!
9 Då gjekk eg burt til engelen og sa til han: Gjev meg den litle boki! Og han segjer til meg: Tak og et henne! ho skal svida i magen din, men i munnen din skal ho vera søt som honning.
10 Og eg tok den litle boki or handi på engelen og åt henne, og ho var søt som honning i munnen min, men då eg hadde ete henne, sveid det i magen min.
11 Og dei segjer til meg: Du skal atter spå um mange landslydar og folk og tungemål og kongar.