«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' Åpenbaring 1

1  Jesu Kristi openberring, som Gud gav han so han skulde visa tenarane sine det som snart skal henda; og han sende bod ved engelen sin og kunngjorde det i teikn for Johannes, tenaren sin,

2  som hev vitna um Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han såg.

3  Sæl er den som les, og dei som høyrer det profetiske ordet og gøymer det som stend skrive der; for tidi er nær!

4  Johannes - til dei sju kyrkjelydane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju ånder som er framfor hans kongsstol,

5  og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei daude og herren yver kongane på jordi. Honom som elskar oss og hev fria oss frå syndene våre med sitt blod,

6  og som hev gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud og sin Fader, Honom høyrer æra og makti til i all æva Amen.

7  Sjå, han kjem med skyene, og kvart auga skal sjå han, ogso dei som hev gjenomstunge han, og alle ætter på jordi skal gråta sårt yver han. Ja, amen!

8  Eg er Alfa og Omega, segjer Herren Gud, han som er og som var og som kjem, den Allmektige.

9  Eg, Johannes, som er bror dykkar, og hev lut med dykk i trengsla og i riket og i tolmodet i Jesus, eg var på den øyi som heiter Patmos. For Guds ord og Jesu vitnemål skuld.

10  Eg var burtrykt i åndi på Herrens dag, og eg høyrde attanfor meg ei sterk røyst som av ein basun, som sa:

11  Det du ser skriv det upp i ei bok og send det til dei sju kyrkjelydane, til Efesus og til Smyrna og til Pergamum og til Tyatira og til Sardes og til Filadelfia og til Laodikea!

12  Og eg snudde meg, so eg kunde sjå røysti som tala med meg, og då eg snudde meg, såg eg sju ljosestakar av gull,

13  og midt imillom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, klædd i fotsid kjole og umbunden under bringa med eit gullbelte;

14  hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull, som snø, og augo hans som eldsloge,

15  og føtene hans var som liksom skinande kopar, som dei var glødde i ein omn, og røysti hans var som ljod av mange vatn.

16  I høgre handi hadde han sju stjernor, og ut or munnen hans gjekk eit tvieggja kvast sverd, og hans åsyn var som soli når ho skin i si kraft.

17  Og då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som ein daud; og han la si høgre hand på meg og sa:

18  Ottast ikkje! eg er den fyrste og den siste og den levande; og eg var daud, og sjå, eg er levande i all æva. Og eg hev lyklane til dauden og til helheimen.

19  Skriv då det du såg, både det som er og det som skal henda heretter,

20  løyndomen med dei sju stjernone som du såg i mi høgre hand, og dei sju gull-ljosestakane! Dei sju stjernone er englar for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er sju kyrkjelydar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23