Salmenes bok 95
1 Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg!
2 Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for han i salmar!
3 For Herren er ein stor Gud og ein stor konge yver alle gudar,
4 han som i si hand hev det djupaste av jordi, og som eig toppane av fjelli,
5 han som eig havet, for han hev skapt det, og turrlendet hev hans hender laga.
6 Kom, lat oss falla ned og bøygja oss, lat oss bøygja kne for Herren, vår skapar!
7 For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag!
8 Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki,
9 der federne dykkar freista meg! Dei prøvde meg, endå dei hadde set mi gjerning!
10 I fyrti år stygdest eg ved den ætti, og eg sa: Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegane mine.
11 So svor eg i min vreide: Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.