Salmenes bok 94
1 Herre, du hemns Gud, du hemns Gud, syn deg i herlegdom!
2 Statt upp, du domar yver jordi, lat dei ovmodige få lika for si gjerning!
3 Kor lenge skal dei ugudlege, Herre, kor lenge skal dei ugudlege fegnast?
4 Dei gøyser or seg og fører skamlaus tale; dei skrøyter, alle ugjerningsmenner.
5 Ditt folk, Herre, krasar dei, og din arv plagar dei.
6 Enkja og den framande slær dei i hel, og farlause myrder dei.
7 Og dei segjer: Herren ser ikkje, og Jakobs Gud gaumar ikkje etter.
8 Gjev då gaum, de uvituge i folket! Og de dårar, når vil de taka til vitet?
9 Han som hev sett inn øyra, skulde han ikkje høyra? Han som hev laga til auga, skulde han ikkje sjå?
10 Han som tuktar heidningane, skulde han ikkje refsa, han som gjev menneski vit?
11 Herren kjenner mannsens tankar, han veit at dei er fåfengd.
12 Sæl er den mann som du, Herre, tuktar og gjev lærdom or di lov,
13 so han skal få ro for vonde dagar, til dess det vert grave ei grav for den ugudlege.
14 For ikkje støyter Herren burt sitt folk, og arven sin forlet han ikkje;
15 for domen skal venda um att til rettferd, og alle som er ærlege i hjarta, skal halda med han.
16 Kven stend upp for meg imot dei vonde? Kven stig fram for meg mot dei som gjer urett?
17 Dersom ikkje Herren var mi hjelp, so vilde sjeli mi snart bu i den stille helheimen.
18 Når eg segjer: Foten min er ustød, då held di miskunn meg uppe, Herre!
19 Når hjarta vert fullt av urolege tankar, då huggar di trøyst mi sjel.
20 Er vel tynings-domstolen i samlag med deg, der dei lagar urett i hop so det ser ut som rett?
21 Dei flokkar seg i hop mot sjeli åt den rettferdige, og skuldlaust blod fordømer dei.
22 Då vert Herren ei borg for meg, og min Gud vert eit berg som eg flyr til.
23 Og han let deira urett koma attende yver dei, og for deira vondskap skal han gjera ende på dei; ja, Herren vår Gud, skal gjera ende på dei.