«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 92

1  Ein salme, ein song til sabbatsdagen.

2  Det er godt å prisa Herren og å syngja ditt namn lov, du Høgste,

3  å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um nætene,

4  med tistrengs-citar og med harpa, med tankefullt spel på citar.

5  For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk; eg fegnast yver det dine hender hev gjort.

6  Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.

7  Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar ikkje slikt.

8  Når dei ugudlege grønkast som graset, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.

9  Men du, Herre, er høg i all æva!

10  For sjå, dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar forgjengst; alle illgjerningsmenner vert spreidde.

11  Du lyfter upp mitt horn som hornet åt villuksen; frisk olje er rent yver meg.

12  Og mitt auga ser med lyst på mine fiendar; mine øyro høyrer med gleda um dei vonde som stend upp imot meg.

13  Den rettferdige grønkast som palmetreet, som ein seder på Libanon veks han.

14  Dei er planta i Herrens hus, dei blømer i vår Guds fyregardar.

15  Endå i høg alder skyt dei friske renningar; dei er saftfulle og grøne,

16  so dei skal kunngjera at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23