«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 89

1  Ein salme til lærdom av Etan, esrahiten.

2  Um Herrens nådegjerningar vil eg æveleg syngja; frå ætt til ætt vil eg kunngjera din truskap med min munn.

3  For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen grunnfester du din truskap.

4  [Du segjer:] Eg hev gjort ei pakt med min utvalde, eg hev svore for David, tenaren min:

5  Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt. Sela.

6  Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage.

7  For kven i det høge er Herrens like? Kven er som Herren millom Guds søner,

8  ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet åt dei heilage og til redsla for alle som er ikring han?

9  Herre, allhers Gud, kven er sterk som du, Herre? Og din truskap er kringum deg.

10  Det er du som råder yver havsens ovmod; når bylgjone i det reiser seg, stiller du dei.

11  Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen; med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar.

12  Himmelen er din, og jordi er di; jordriket og alt som er i det, hev du grunnlagt;

13  nord og sud hev du skapt; Tabor og Hermon fegnast yver ditt namn.

14  Du hev ein arm med velde; sterk er di hand, høg er di høgre hand.

15  Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; nåde og sanning gjeng fyre di åsyn.

16  Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlet skal dei ferdast, Herre.

17  I ditt namn fegnast dei all dagen, og ved di rettferd vert dei upphøgde.

18  For du er prydnaden i deira styrke, og ved din godhug lyfter du upp vårt horn.

19  For Herren er vårt skjold, og Israels Heilage vår konge.

20  Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sa: Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldig, eg hev upphøgt ein ungdom av folket.

21  Eg hev funne David, tenaren min, med min heilage olje hev eg salva han.

22  Mi hand skal alltid vera med han, og min arm skal styrkja han.

23  Fienden skal ikkje trengja han, og den urettferdige skal ikkje kua han.

24  Men eg vil krasa hans motstandarar for hans åsyn og slå dei som hatar han.

25  Og min truskap og mi miskunn skal vera med han, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft.

26  Eg vil leggja havet under hans hand og elvane under hans høgre hand.

27  Han skal ropa til meg: Du er min far, min Gud og mitt frelse-fjell.

28  Og eg vil gjera han til den fyrstefødde, til den høgste av kongane på jordi.

29  Mi miskunn imot han vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for han.

30  Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer.

31  Dersom hans born forlet mi lov og ikkje ferdast etter mine lovbod,

32  dersom dei bryt mine fyresegner og ikkje held mine bod,

33  då vil eg heimsøkja deira synd med ris og deira misgjerd med plagor.

34  Men mi miskunn vil eg ikkje taka frå han, og ikkje vil eg svika i min truskap.

35  Eg vil ikkje brjota mi pakt og ikkje brigda ordi frå mine lippor.

36  Eitt hev eg svore ved min heilagdom, sanneleg, for David vil eg ikkje ljuga:

37  Hans avkjøme skal vera til æveleg tid, og hans kongsstol som soli for mi åsyn.

38  Som månen skal han standa æveleg, og vitnet i det høge er trufast. Sela.

39  Og du hev støytt burt og forsmått, du hev vorte harm på den du hev salva.

40  Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev vanhelga hans kruna og kasta henne på jordi.

41  Du hev brote ned alle murane hans, du hev gjort hans festningar til grusdungar.

42  Alle som fer framum på vegen, hev plundra han; han hev vorte til spott for grannane sine.

43  Du hev upphøgt høgre handi åt hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade.

44  Du let og hans sverds-egg vika og heldt han ikkje uppe i striden.

45  Du hev gjort ende på hans glans og kasta hans kongsstol til jordi.

46  Du hev korta av hans ungdoms dagar, du hev sveipt han i skam. Sela.

47  Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld?

48  Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle mannsborni.

49  Kven fær vel leva og slepp å sjå dauden? Kven friar si sjel frå helheims vald? Sela.

50  Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, dei som du med eid lova David i din truskap?

51  Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg lyt bera i fanget alle dei mange folk,

52  at dine fiendar spottar, Herre, at dei spottar fotfari åt han som du hev salva.

53  Lova vere Herren æveleg! Amen, amen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23