«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 88

1  Ein song, ein salme av Korahs born; til songmeisteren; etter Mahalat leannot*; ein song til lærdom av Heman, esrahiten.

2  Herre, min Frelse-Gud! Dag og natt ropar eg framfor deg.

3  Lat mi bøn koma for di åsyn, halla ditt øyra til mitt klagerop!

4  For mi sjel er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen.

5  Eg er rekna lik dei som fer ned i gravi; eg er som ein mann utan livskraft,

6  frigjeven* som ein av dei daude, lik dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, av di dei er skilde frå di hand.

7  Du hev lagt meg i den djupe hola, på myrke stader, i ovdjup.

8  Din harm ligg tungt på meg, og med alle dine bylgjor trengjer du meg. Sela.

9  Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for dei; eg er innestengd og kann ikkje koma ut.

10  Mitt auga hev ormektast av liding; eg hev kalla på deg, Herre, kvar dag hev eg rett ut mine hender til deg.

11  Gjer du vel under for dei daude, eller tru daudingar stend upp og lovar deg? Sela.

12  Tru dei i gravi fortel um di miskunn, i avgrunnen um din truskap?

13  Vert dine under kjende i myrkret, og di rettferd i gløymelandet?

14  Men eg ropar til deg, Herre, og um morgonen kjem mi bøn imot deg.

15  Kvifor, Herre, støyter du burt mi sjel? Kvifor løyner du ditt andlet for meg?

16  Arm er eg og døyande frå ungdomen av; eg ber dine redslor, eg lyt gjeva meg yver.

17  Logane av din harm hev gjenge yver meg, dine skræmor hev gjort meg til inkjes.

18  Dei hev ringa seg um meg som vatn all dagen, dei hev kringsett meg alle saman.

19  Du hev drive langt burt frå meg ven og næste; mine kjenningar er den myrke staden.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23