Salmenes bok 86
1 Ei bøn av David. Herre, halla øyra hit, og svara meg! for arm og fatig er eg.
2 Tak vare på mi sjel! for eg er gudleg. Frels din tenar, du min Gud, han som lit på deg.
3 Ver meg nådig, Herre! for til deg ropar eg heile dagen.
4 Gled din tenars sjel! for til deg, Herre, lyfter eg mi sjel.
5 For du, Herre, er god og viljug til forlating og rik på miskunn for alle dei som kallar på deg.
6 Herre, vend øyra til mi bøn, og merka på mi bønerøyst!
7 Den dag eg er i naud, ropar eg på deg, for du svarar meg.
8 Ingen er som du millom gudane, Herre, og ingen ting er som dine verk.
9 Alle heidningane, som du hev skapt, skal koma og tilbeda for di åsyn, Herre, og dei skal æra ditt namn.
10 For du er stor, og du gjer under; du er Gud og ingen annan.
11 Lær meg, Herre, din veg! Eg vil ferdast i di sanning. Vend mitt hjarta til det eine: å ottast ditt namn!
12 Eg vil prisa deg, Herre min Gud, av alt mitt hjarta, og eg vil æra namnet ditt æveleg.
13 For di miskunn er stor yver meg, og du hev frelst mi sjel frå den djupe helheimen.
14 Gud, stormodige hev reist seg imot meg, og ein flokk av valdsmenner stend etter livet mitt, og dei hev ikkje deg for auga.
15 Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på nåde og sanning.
16 Vend deg til meg og ver meg nådig, gjev din tenar styrken din og frels son åt di tenestkvinna!
17 Gjer eit teikn med meg til det gode, so dei som hatar meg, må sjå det og skjemmast, av di du, Herre, hev hjelpt meg og trøysta meg.