«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 85

1  Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.

2  Herre, du hev fyrr vore nådig mot landet ditt, du gjorde ende på Jakobs fangekår.

3  Du tok burt ditt folks misgjerning, du breidde yver all deira synd. Sela.

4  Du tok burt all din harm, du let din brennande vreide venda um.

5  Vend um til oss, vår Frelse-Gud, og gjer ende på din uvilje imot oss!

6  Vil du æveleg vera vreid på oss? Vil du lata din vreide vara frå ætt til ætt?

7  Vil ikkje du gjera oss levande att, so ditt folk kann gleda seg i deg?

8  Herre, lat oss sjå di miskunn, og gjev oss di frelsa!

9  Eg vil høyra kva Gud Herren talar; for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap.

10  Ja, hans frelsa er nær dei som ottast han, so herlegdom skal bu i vårt land.

11  Nåde og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.

12  Sanning skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen.

13  Herren skal og gjeva det som godt er, og vårt land skal gjeva si grøda.

14  Rettferd skal ganga fyre han og stendigt fylgja i fari hans.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23