Salmenes bok 84
1 Til songmeisteren, etter Gittit*; av Korahs born; ein salme.
2 Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers Gud!
3 Mi sjel lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den levande Gud.
4 Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers Gud, min konge og min Gud!
5 Sæle er dei som bur i ditt hus; dei skal allstødt lova deg. Sela.
6 Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar*.
7 Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei han til ein kjeldevang, og haustregnet legg velsigning yver han*.
8 Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion.
9 Herre, Gud, allhers Gud, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! Sela.
10 Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andletet åt han du hev salva!
11 For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi åt gudløysa.
12 For Gud Herren er sol og skjold, Herren gjev nåde og æra; han held ikkje undan noko godt frå dei som ferdast i uskyld.
13 Herre, allhers Gud, sæl er den mann som set si lit til deg!