Salmenes bok 83
1 Ein song, ein salme av Asaf.
2 Gud, teg ikkje! Ver ikkje still og haldt deg ikkje roleg, Gud!
3 For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet!
4 Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot dei som du vernar.
5 Dei segjer: Kom, lat oss rydja dei ut, so dei ikkje lenger er eit folk, og Israels namn skal ingen meir koma i hug.
6 For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjer dei samband,
7 Edoms tjeld og ismaelitane, Moab og hagarenane,
8 Gebal og Ammon og Amalek, Filistar-land med dei som bur i Tyrus.
9 Ogso Assur hev gjenge i lag med dei, dei låner sin arm til Lots søner. Sela.
10 Gjer med dei som med Midian, som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!
11 Dei vart øydelagde ved Endor, dei vart til møk åt marki.
12 Far med dei, deira fremste menner, som med Oreb og Se'eb, og med alle deira hovdingar som med Sebah og Salmunna,
13 dei som segjer: Lat oss hertaka Guds bustader!
14 Min Gud, gjer dei som ein dustkvervel, som agner for vinden!
15 Lik ein eld som brenner ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,
16 soleis forfylgje du dei med din storm og skræme dei med ditt uver!
17 Fyll deira andlet med skam, so dei søkjer ditt namn, Herre!
18 Lat dei skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunns!
19 Og lat dei få vita at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!