Salmenes bok 81
1 Til songmeisteren, etter Gittit*; av Asaf.
2 Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
3 Set i med song og lat pauka høyrast, den vene citar med harpa!
4 Blås i lur i månaden, ved fullmåne, på vår høgtidsdag!
5 For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.
6 Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptar-landet. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:
7 Eg løyste hans oksel frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.
8 I trengsla ropa du, og eg fria deg ut; eg svara deg, løynd i toreskyi, eg prøvde deg ved Meriba-vatni. Sela.
9 Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg:
10 Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.
11 Eg er Herren din Gud, som førde deg upp frå Egyptar-land; lat munnen vidt upp, so eg kann fylla han!
12 Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.
13 So let eg dei fara med sitt harde hjarta, so dei skulde ferdast i sine eigne meinråder.
14 Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde ganga på mine vegar!
15 Snart skulde eg då døyva deira fiendar og venda mi hand imot deira motstandarar.
16 Dei som hatar Herren, skulde smeikja for dei, og deira tid skulde vara æveleg.
17 Og han skulde føda dei med den beste kveite, og eg skulde metta deg med honning frå berget.