Salmenes bok 80
1 Til songmeisteren; etter "liljor"; eit vitnemål av Asaf; ein salme.
2 Du Israels hyrding, vend øyra til, du som fører Josef som ei hjord! Du som tronar yver kjerubane, syn deg herleg!
3 Vekk upp ditt velde for Efra'im og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp!
4 Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!
5 Herre, Gud, Allhers Gud, kor lenge hev du late din vreide rjuka og ikkje ansa bøni frå folket ditt!
6 Du hev gjeve dei tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål.
7 Du gjer oss til eit trettemål for våre grannar, og våre fiendar spottar med lyst.
8 Gud, allhers Gud, reis upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!
9 Eit vintre flutte du frå Egyptar-land, du dreiv heidningar ut og planta det.
10 Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet.
11 Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds sedrar frå greinene.
12 Det strekte sine greiner ut til havet og sine renningar burt imot elvi.
13 Kvi hev du rive ned gardane ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det?
14 Svinet frå skogen gneg på det, og dyri på marki beitar i det.
15 Gud, allhers Gud, vend um att, skoda ned frå himmelen og sjå og hav umsut for ditt vintre,
16 og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den som du hev valt deg ut!
17 Det er brent med eld, det er avhogge; for trugsel frå ditt andlet gjeng dei til grunns.
18 Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskesonen som du hev valt deg ut,
19 so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn!
20 Herre, Gud, allhers Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!