Salmenes bok 8
1 Til songmeisteren, etter Gittit*; ein salme av David.
2 Herre, vår Herre, kor herleg ditt namn er yver all jordi, du som hev breidt din prydnad ut yver himmelen!
3 Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei makt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngjeruge.
4 Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernone, som du hev skapt,
5 kva er då eit menneske, at du kjem han i hug, og eit menneskebarn, at du ser til han!
6 Du gjorde han lite lægre enn Gud; med æra og herlegdom krynte du han.
7 Du sette han til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting la du under hans føter:
8 sauer og uksar, alle i hop, og jamvel dei ville dyr i marki,
9 fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som ferdast på havsens stigar.
10 Herre, vår Herre, kor herleg ditt namn er yver all jordi!