«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 78

1  Ein salme til lærdom av Asaf. Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar!

2  Eg vil opna min munn med fyndord, eg vil lata gåtor frå gamal tid strøyma ut.

3  Det me hev høyrt og veit, og det våre feder hev fortalt oss,

4  det vil me ikkje dylja for deira born, men fortelja Herrens pris for den komande ætti, og hans styrke og dei under som han hev gjort.

5  Han hev reist eit vitnemål i Jakob og sett ei lov i Israel, som han vilde at våre feder skulde kunngjera for sine born,

6  so den komande ætti, dei born som skulde verta fødde, kunde kjenna dei, kunde koma fram og fortelja um dei til sine born

7  og setja si von til Gud og ikkje gløyma Guds verk, men halda hans bod

8  og ikkje vera som deira feder, ei tverr og trassig ætt, ei ætt som ikkje gjorde sitt hjarta fast, og som i si ånd ikkje var trufast mot Gud.

9  Efra'ims born, dei væpna bogeskyttarar, dei snudde på stridsdagen.

10  Dei heldt ikkje Guds pakt og vilde ikkje ferdast i hans lov,

11  og dei gløymde hans storverk og dei under som han hadde synt dei.

12  For deira feder hadde han gjort under i Egyptar-landet, på Soans mark*

13  Han kløyvde havet og let dei ganga igjenom og let vatnet standa som ein dunge.

14  Og han leidde dei med skyi um dagen og heile natti med elds ljos.

15  Han kløyvde berg i øydemarki og let dei drikka som av store vassdjup.

16  Og han let bekker koma or fjellet og fekk vatn til å renna ned som elvar.

17  Men dei heldt endå på og synda imot han og var trassige mot den Høgste i øydemarki.

18  Og dei freista Gud i sitt hjarta, so dei kravde mat etter si lyst.

19  Og dei tala imot Gud, dei sa: Kann vel Gud duka bord i øydemarki?

20  Sjå, han slo i berget, so vatn rann ut, og bekker fløymde. Tru han og kann gjeva brød eller koma med kjøt til sitt folk?

21  Difor, då Herren høyrde det, vart han harm, og eld loga mot Jakob, og vreide reiste seg mot Israel;

22  for dei trudde ikkje på Gud og leit ikkje på hans frelsa.

23  Og han gav skyene ovantil påbod, og himmelportane let han upp.

24  Og han let manna regna yver dei til føda, og himmelkorn gav han dei.

25  Englebrød* fekk kvar mann eta; mat sende han dei til mette.

26  Han let austanvinden fara ut i himmelen, og han førde sunnanvinden fram ved si makt.

27  Og han let kjøt regna yver dei som dust og fljugande fuglar som havsens sand,

28  og let dei falla ned midt i lægret deira, kringum deira bustader.

29  Og dei åt og vart ovleg mette, og det dei fyste etter, let han dei få.

30  Men fyrr dei hadde slept det dei fyste etter, medan dei endå hadde maten i munnen,

31  steig Guds vreide upp imot dei, og han drap mange av deira sterke menner, og Israels ungdomar slo han ned.

32  Med alt dette synda dei endå og trudde ikkje på hans under.

33  Difor let han deira dagar kverva i fåfengd og deira år i redsla.

34  Når han drap dei ned, då spurde dei etter han og vende um og søkte Gud

35  og kom i hug at Gud var deira berg og den høgste Gud var deira utløysar.

36  Men dei gjølte for han med sin munn og laug for han med si tunga.

37  Og deira hjarta hekk ikkje fast ved han, og dei var ikkje true mot hans pakt.

38  Men, han er miskunnsam, han forlet misgjerning og tyner ikkje; mange gonger let han sin vreide venda um, og han let ikkje all sin harme brjota fram.

39  Og han kom i hug at dei var kjøt, ein andepust som kverv og ikkje kjem att.

40  Kor ofte dei trassa han i øydemarki og gjorde han sorg i audni!

41  Og dei freista Gud på nytt lag og krenkte Israels Heilage.

42  Dei kom ikkje i hug det hans hand hadde gjort den dagen då han fria dei frå fienden,

43  då han gjorde sine teikn i Egyptar-land og sine under på Soans mark.

44  Og han gjorde deira elvar til blod, og sine rennande vatn kunde dei ikkje drikka.

45  Han sende imot dei flugesvermar som åt dei upp, og froskar som tynte dei.

46  Og han gav deira grøda til gnagaren* og deira avling til grashoppen.

47  Han slo deira vintre ned med hagl og deira morbærtre med haglsteinar.

48  Og han gav deira fe til haglet og deira hjorder til eldingar.

49  Han sende på dei sin brennande vreide, harme og ilska og trengsla, ei sending av uferds-englar.

50  Han braut veg for sin vreide, han sparde ikkje deira sjel for dauden, og deira liv gav han til sotti.

51  Og han slo alle fyrstefødde i Egyptar-land, fyrstegrøda av manndomskrafti i Kams tjeld.

52  Og han let sitt folk taka ut som ein saueflokk og førde dei som ein hjord i øydemarki.

53  Og han leidde dei trykt, og dei reddast ikkje, men havet løynde deira fiendar.

54  Og han førde dei til sitt heilage landmerke, til det fjell som hans høgre hand hadde vunne.

55  Og han dreiv ut heidningane for dei og let dei få landet deira til arvlut og let Israels ætter bu i deira tjeld.

56  Men dei freista Gud, den Høgste, og trassa han, og hans vitnemål akta dei ikkje på.

57  Dei veik av og var utrugne som deira feder, dei vende um som ein sviksam boge.

58  Og dei harma han med sine offerhaugar og eggja han med sine utskorne bilete.

59  Gud høyrde det og vart vreid, og han vart ovleg leid av Israel.

60  Og han gjekk burt frå sin bustad i Silo, det tjeld han hadde slege upp millom menneski.

61  Og han let sin styrke verta førd burt som fange og gav sin herlegdom i fiendehand.

62  Og han gav sitt folk til sverdet, og på sin arv harmast han.

63  Eld åt deira unge menner, og deira møyar fekk ingen bruresong.

64  Deira prestar fall for sverdet, og deira enkjor fekk ikkje halda syrgjehøgtid*

65  Då vakna Herren som ein sovande, lik ei kjempa som er fegen av vin.

66  Og han slo sine fiendar attende, let æveleg skam koma yver dei.

67  Og han støytte burt Josefs tjeld, og Efra'ims ætt valde han ikkje ut.

68  Men han valde ut Juda-ætti, Sions-fjellet som han elska.

69  Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, lik jordi, som han hev grunnfest til æveleg tid.

70  Og han valde ut David, sin tenar, og tok han frå sauegrindane.

71  Han henta han frå lambsauene som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv.

72  Og han gjætte dei etter sitt ærlege hjarta, og med si kloke hand leidde han dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23