«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 76

1  Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av Asaf; ein song.

2  Gud er kjend i Juda, hans namn er stort i Israel.

3  Han bygde si hytta i Salem og sin bustad på Sion.

4  Der braut han sund ljoni frå bogen, skjold og sverd og ufred. Sela.

5  Strålande er du, herleg framfor røvarfjelli*.

6  Dei hjarte-sterke menner hev vorte plundra; dei søv sin svevn, og ingen av kjempone fann sine hender.

7  Ved ditt trugsmål, Jakobs Gud, vart både vogn og hest djupt svævde.

8  Du - skræmeleg er du, og kven kann standa for di åsyn når du vert vreid?

9  Frå himmelen let du høyrast dom; jordi reddast og vart still,

10  då Gud stod upp til dom, til å frelsa alle spaklyndte på jordi. Sela.

11  For manne-harm lyt prisa deg; med endå større harm gyrder du deg.

12  Gjev lovnader og gjev Herren dykkar Gud det de hev lova! Alle som er ikring han, skal koma med gåvor til den Skræmelege.

13  Han staggar stormodet hjå hovdingar, han er skræmeleg for kongane på jordi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23