«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 73

1  Ein salme av Asaf. Ja, Gud er god mot Israel, mot dei som er reine i hjarta.

2  Men eg - mine føter hadde so nær snåva, det skilde lite at mine steg hadde skride ut.

3  For eg harmast på dei ovmodige då eg såg at det gjekk dei gudlause godt.

4  For dei er frie frå verk til dei døyr, og deira styrke trivst og blømer.

5  De veit ikkje av naud som andre folk, og dei vert ikkje plaga som andre menneske.

6  Difor er ovmod deira halsprydnad, vald sveiper seg um dei som eit klædeplagg.

7  Augo deira glytter ut or feitt, deira hjartans tankar bryt fram.

8  Dei spottar og talar i vondskap um valdsverk, frå høgdi talar dei.

9  Dei lyfter sin munn upp til himmelen, og deira tunga fer fram på jordi.

10  Difor fær dei sitt folk til å venda seg til dei, og mykje vatn syg dei i seg*.

11  Og dei segjer: Korleis skulde Gud vita noko? Finst det vel kunnskap hjå den Høgste?

12  Sjå, dette er dei ugudlege, og æveleg trygge veks dei i velmakt.

13  Ja, fåfengt hev eg reinsa mitt hjarta og tvege mine hender i uskyld;

14  eg vart like vel plaga heile dagen, og kvar morgon kom til meg med tukt.

15  Dersom eg hadde sagt: Eg vil tala soleis*, då hadde eg vore utru mot ætti av dine born.

16  So tenkte eg etter og vilde skyna dette*; mødesamt var det for meg

17  - til dess eg gjekk inn i Guds heilagdomar og akta på deira ende.

18  Ja, på hålka set du dei; du lét dei falla, so dei gjekk til grunns.

19  Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under og fekk ein skræmeleg ende.

20  Som ein vanvyrder ein draum når ein vaknar, soleis vanvyrder du, Herre, deira skuggebilete når du vert vaken.

21  Når mitt hjarta var beiskt, og eg fekk styng i nyro,

22  då var eg uvitug og skyna inkje; som eit dyr var eg imot deg.

23  Men eg vert alltid verande hjå deg, du hev gripe mi høgre hand.

24  Du leider meg med di råd, og sidan tek du meg upp i herlegdom.

25  Kven hev eg elles i himmelen? Og når eg hev deg, hev eg ikkje hug til noko på jordi.

26  Um mitt kjøt og hjarta vert til inkjes, so er Gud æveleg mitt hjartans berg og min deil.

27  For sjå, dei som held seg burte frå deg, gjeng til grunns; du tyner alle som fell frå deg i hor*.

28  Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud; eg set mi lit til Herren, Israels Gud, so eg kann fortelja alle dine gjerningar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23