«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 72

1  Av Salomo. Gud, Gjev kongen dine domar og kongssonen di rettferd!

2  Han skal døma ditt folk med rettferd og dine armingar med rett.

3  Fjelli skal bera fred for folket, og like eins haugane for rettferd skuld.

4  Han skal døma armingane i folket, han skal frelsa borni åt den fatige og knasa valdsmannen.

5  Dei skal ottast deg so lenge soli skin, og so lenge månen lyser, frå ætt til ætt.

6  Han skal koma ned som regn på nyslegen voll, lik ei regnskur, som væter jordi.

7  I hans dagar skal den rettferdige bløma og det skal vera mykje fred, alt til det ingen måne er meir.

8  Og han skal hava herredom frå hav til hav og frå elvi til endane av jordi.

9  Dei som bur i øydemarki, skal bøygja kne for han, og hans fiendar skal slikka mold.

10  Kongane frå Tarsis og øyane skal bera fram gåvor, kongane frå Sjeba og Seba skal koma med skatt.

11  Alle kongar skal fall ned for han, alle heidningar skal tena han.

12  For han skal frelsa den fatige som ropar, og armingen som ingen hjelpar hev.

13  Han skal spara vesalmannen og den fatige, og sjelene åt dei fatige skal han frelsa.

14  Frå trykk og vald skal han løysa deira sjel, og dyrt skal blodet deira vera i hans augo.

15  Og dei skal leva og gjeva han gull frå Sjeba og alltid beda for han; heile dagen skal dei lova han.

16  Det skal vera ei ovnøgd med korn i landet, på fjelltoppane, grøda skal susa som Libanon-skogen, og folk skal bløma fram i byane som gras på jordi.

17  Hans namn skal vara i all æva; so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og dei skal velsigna seg ved han; alle heidningar skal prisa han sæl.

18  Lova vere Gud Herren, Israels Gud, han, den einaste som gjer under!

19  Og lova vere hans herlege namn i all æva, og all jordi verte full av hans herlegdom! Amen, amen.

20  Ende på bønene av David, son åt Isai.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23