Salmenes bok 69
1 Til songmeisteren, etter "Liljor"*; av David.
2 Frels meg, Gud! for vatni når radt til sjeli.
3 Eg er sokken ned i botnlaust dy, der det inkje fotfeste er; eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg.
4 Eg hev ropa meg trøytt, det brenn i min strupe; mine augo er upptærde med di eg ventar på min Gud.
5 Fleire enn håri på mitt hovud er dei som hatar meg utan årsak; mange er dei som vil meg tyna meg, som utan grunn er mine fiendar; det eg ikkje hev rana, skal eg no gjeva attende.
6 Gud, du kjenner min dårskap, og all mi syndeskuld er ikkje løynd for deg.
7 Lat dei ikkje verta til skammar ved meg, dei som ventar på deg, Herre, Herre, allhers Gud! Lat dei ikkje verta til spott ved meg, dei som søkjer deg, Israels Gud!
8 For di skuld ber eg vanæra, ligg skjemsla yver mitt andlet.
9 Eg hev vorte framand for brørne mine og ein utlending for borni åt mor mi.
10 For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg.
11 Då mi sjel gret medan eg fasta, vart eg spotta for det.
12 Då eg klædde meg i sekkety, vart eg eit ordtøke for dei.
13 Dei som sit i porten, røder um meg, og drikkarane syng um meg.
14 Men eg kjem med mi bøn til deg, Herre, i nådetidi, Gud, for di store miskunn; svara meg med din frelsande truskap!
15 Berga meg ut or søyla og lat meg ikkje søkka! Lat meg verta berga frå dei som hatar meg, og frå dei djupe vatni!
16 Lat ikkje vassflodi fløyma yver meg og ikkje djupet gløypa meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg!
17 Svara meg, Herre, for din nåde er god; vend deg til meg etter di store miskunn!
18 Og løyn ikkje di åsyn for tenaren din, for eg er i naud; skunda deg og svara meg!
19 Kom nær til mi sjel, løys henne ut, frels meg for mine fiendar skuld!
20 Du kjenner mi spott og skam og vanæra; for di åsyn stend alle mine uvener.
21 Spottord hev brote mitt hjarta sund, so eg er sjuk; eg venta på medynk, men der var ingi, og på trøystarar, men eg fann ingen.
22 Dei gav meg gall å eta, og då eg var tyrst, gav dei meg eddik å drikka.
23 Lat bordet deira verta ei snara framfor dei, og ei gildra for dei når dei er trygge.
24 Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og lat deira lender alltid skjelva!
25 Renn ut yver dei din vreide, og lat din brennande harm nå dei!
26 Lat deira bustad verta øydd, lat det ingen vera som bur i deira tjeld!
27 For dei forfylgjer den som du hev slege, og dei fortel um pinsla åt dei som du hev gjenomstunge.
28 Lat dei leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat dei ikkje koma til di rettferd!
29 Lat dei verta utstrokne or livsens bok og ikkje verta innskrivne med dei rettferdige!
30 Men eg er ein arming full av verk; Gud, lat di frelsa berga meg!
31 Eg vil lova Guds namn med song og høglova han med takksegjing,
32 og det skal tekkjast Herren betre enn ein ung ukse med horn og klauver.
33 Når spaklynde ser det, skal dei gleda seg; de som søkjer Gud - må dykkar hjarta leva!
34 For Herren høyrer på dei fatige, og sine fangar vanvyrder han ikkje.
35 Himmel og jord skal lova han, havet og alt som røyver seg i det.
36 For Gud skal frelsa Sion og byggja byane i Juda, og dei* skal bu der og eiga dei,
37 og avkjømet åt hans tenarar skal erva dei, og dei som elskar hans namn, skal bu der.