«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 66

1  Til songmeisteren; ein song, ein salme. Set i med fagnadrop for Gud, all jordi!

2  Syng ut hans namns æra, gjev han æra til hans pris!

3  Seg til Gud: Kor skræmelege dine verk er! For di store makt skuld må dine fiendar smeikja for deg.

4  All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn. Sela.

5  Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot mannsborni.

6  Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i han!

7  Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningane; dei trassige må ikkje upphøgja seg. Sela.

8  De folk, lova vår Gud og kunngjer hans pris med høg røyst,

9  han som heldt vår sjel i live og ikkje let vår fot vera ustød!

10  For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv.

11  Du førde oss inn i eit garn, du la ei tyngjande byrd på våre lender.

12  Du let menneske fara yver vårt hovud; me kom i eld og vatn. Men du førde oss ut og kveikte oss.

13  Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova,

14  det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala då eg var i naud.

15  Brennoffer av gjødslefe vil eg ofra til deg med eim av verar; eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela.

16  Kom og høyr, alle de som ottast Gud, so vil eg fortelja kva han hev gjort for mi sjel.

17  Til han rop eg med min munn, og lovsong var under tunga mi.

18  Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra.

19  Men Gud hev høyrt, han hev lydt etter mitt bønerop.

20  Lova vere Gud, som ikkje sa viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23