«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 65

1  Til songmeisteren; ein salme av David; ein song.

2  Gud, dei er stille for deg og prisar deg på Sion, og dei gjev deg det dei hev lova.

3  Du som høyrer bøner, til deg kjem alt kjøt.

4  Når mine misgjerningar hev vorte for tunge for meg, so forlet du våre brot.

5  Sæl er den som du vel ut og let koma nær, so han bur i dine fyregardar; me vil metta oss med det gode i ditt hus, ditt heilage tempel.

6  Med skræmelege gjerningar bønhøyrer du oss i rettferd, du vår Frelse-Gud, du som er ei livd for alle heimsens endar og havet langt burte.

7  Han gjer fjelli faste med si kraft, gyrd med velde.

8  Han døyver havsens dur, bylgjeduren og bråket av folkeslagi.

9  Og dei som bur ved endane av jordi, reddast for dine teikn; heimen for morgon og kveld fyller du med fagnadrop.

10  Du hev gjesta jordi og gjeve henne ovnøgd, du hev gjort henne ovleg rik, Guds bekk er full av vatn; du hev late dei få sitt korn, for soleis lagar du jordi til.

11  Du vatna hennar plogforer, jamna dei med upp-pløgde åkrar; du bløytte henne med regnskurer, velsigna hennar grøda.

12  Du hev krynt året med din godleik, og dine fotfar dryp av feitt.

13  Beiti i øydemarki dryp, og haugane gyrdar seg med fagnadrop.

14  Engjane er klædde med sauer, og dalane sveiper seg i korn; folk ropar med fagnad og syng.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23