Salmenes bok 64
1 Til songmeisteren; ein salme av David.
2 Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv for fiendeskræmsla!
3 Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner,
4 som kvesser si tunga som eit sverd, legg på bogen si pil, det beiske ordet,
5 og vil skjota ned den skuldlause i løynd; brått skyt dei han og reddast ikkje.
6 Dei gjer si vonde råd fast, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: Kven ser dei?
7 Dei tenkjer upp ugjerningar: Me er ferdige, tanken er er tenkt - og mannsens tankar og hjarta er djupe.
8 Då skyt Gud dei; pili kjem brått og sårar dei.
9 Dei stupar ned, deira tunge kjem yver dei; alle som ser på dei, rister på hovudet.
10 Og alle menneske reddast og forkynner Guds gjerning, og dei skynar hans verk.
11 Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til han, og alle ærlege av hjarta prisar seg sæle.