Salmenes bok 63
1 Ein salme av David, då han var i Juda øydemark.
2 Gud! Du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjel tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmakt utan vatn.
3 Soleis hev eg skoda deg i heilagdomen - eg såg di makt og din herlegdom.
4 For di miskunn er betre enn livet; mine lippor prisar deg.
5 Soleis vil eg lova deg so lenge eg lever; i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.
6 Som av merg og feitt skal mi sjel verta mett, og med jublande lippor skal min munn prisa deg.
7 Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevaktene.
8 For du hev vore hjelp for meg, og i skuggen av dine venger ropar eg høgt av fagnad
9 Mi sjel heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.
10 Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.
11 Dei skal verta yvergjevne til sverdmakt, verta til ran for revar.
12 Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved han, skal prisa seg sæl, for ljugarane skal verta målbundne.