«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 62

1  Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David.

2  Einast i von til Gud er mi sjel still; frå han kjem mi frelsa.

3  Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.

4  Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota han ned som ein hallande mur, ein steingard som dei velter?

5  Dei samråder seg berre um å støypa han ned frå hans høgd, dei likar lygn; med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela.

6  Einast i von til Gud ver still, mi sjel! For frå han kjem mi von.

7  Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg.

8  Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud.

9  Lit på han til kvar tid, de folk! Renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela.

10  Berre fåfengd er menneskeborn, berre lygn er mannesøner. I vektskåli stig dei til vers, dei er fåfengd alle saman.

11  Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til gods som er rana! Når rikdomen aukar, so akta ikkje på det!

12  Ein gong hev Gud tala, ja tvo gonger hev eg høyrt det*, at styrke høyrer Gud til.

13  Og hjå deg, Herre, er miskunn; for du gjev kvar ein etter hans gjerning.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23