Salmenes bok 61
1 Til songmeisteren, på strengleik; av David.
2 Gud, høyr mitt klagerop, merka mi bøn!
3 Frå enden av jordi ropar eg til deg, medan hjarta ormektast; før meg upp på eit fjell, som elles vert for høgt for meg!
4 For du hev vore mi livd, eit sterkt tårn mot fienden.
5 Lat meg æveleg bu i ditt tjeld, finna livd i skuggen av dine venger! Sela.
6 For du, Gud, hev høyrt på mine lovnader, du hev gjeve meg arv med dei som ottast ditt namn.
7 Du vil leggja dagar til kongens dagar, hans år skal vera som ætt etter ætt,
8 han skal trona æveleg for Guds åsyn; set miskunn og truskap til å vara han!
9 So vil eg æveleg lovsyngja ditt namn, so eg kann løysa mine lovnader dag etter dag.