«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 59

1  Til songmeisteren; "Tyn ikkje"*; av David; ein miktam, då Saul sende folk som gjætte på huset og vilde drepa han**.

2  Fria meg frå mine fiendar, min Gud, verna meg mot dei som stend upp imot meg,

3  fria meg frå dei som gjer urett, og berga meg frå blodgjeruge menner!

4  For sjå, dei ligg på lur og vil taka mitt liv; sterke menner slær seg saman imot meg, Herre, utan misgjerning og utan synd hjå meg.

5  Utan at eg hev forbrote meg, renner dei fram og gjer seg reiduge. Vakna og møt meg, og sjå!

6  Ja du, Herre, allhers Gud, Israels Gud, vakna til å heimsøkja alle heidningar, ver ikkje nådig mot nokon av dei falske nidingar! Sela.

7  Dei kjem att um kvelden; dei hyler som hundar og renner kring i byen.

8  Sjå, det gøyser ord ut or munnen deira, der er sverd i deira lippor; for kven høyrer det?

9  Men du, Herre, lær åt dei, du spottar alle heidningar.

10  Mot hans makt* vil eg venta på deg; for Gud er mi borg.

11  Min Gud vil møta meg med si miskunn, Gud vil lata meg sjå med lyst på mine fiendar.

12  Drep dei ikkje, so ikkje mitt folk skal gløyma det! Lat dei ved di makt flakka heimlause ikring og støyt dei ned, du Herre, vår skjold!

13  Kvart ord på deira lippor er ei synd i deira munn; lat dei so verta fanga i sitt ovmod og for den banning og lygn som dei talar.

14  Gjer ende på dei i vreide, gjer ende på dei, so dei ikkje meir er til, og lat dei vita at det er Gud som råder i Jakob, alt til endane av jordi! Sela.

15  Og dei kjem att um kvelden, hyler som hundar og renner kring i byen.

16  Dei flakkar um etter mat; vert dei ikkje mette, nattar dei yver slik dei er.

17  Men EG vil syngja um din styrke og um morgonen fagna meg høgt yver di miskunn; for du er mi borg og mi livd den dag eg er i naud.

18  Min styrke! For deg vil eg syngja; for Gud er mi borg, min miskunnsame Gud.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23