«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 57

1  Til songmeisteren: "Tyn ikkje"*; av David; ein miktam, då han flydde for Saul og var i helleren**.

2  Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjel, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd til dess ulukka gjeng yver.

3  Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg.

4  Han sender hjelp frå himmelen og bergar meg, når hans som vil sluka meg spottar. Sela. Gud sender si miskunn og sin truskap.

5  Mi sjel er millom løvor; eg lyt liggja millom dei som spruter eld, millom menneske som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd.

6  Gud syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!

7  Dei set garn for mine steg, mi sjel er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela.

8  Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg; eg vil syngja og lovsyngja.

9  Vakna, mi æra*! Vakna, harpa og citar! Eg vil vekkja morgonroden.

10  Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.

11  For di miskunn er stor alt til himmelen, og din truskap til dei høge skyer.

12  Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23