Salmenes bok 56
1 Til songmeisteren, etter "Den mållause duva langt burte"*; av David; ein miktam då filistarane tok han i Gat**.
2 Ver meg nådig, Gud! for menneske vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.
3 Mine fiendar freistar å sluka meg heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.
4 Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.
5 Ved Gud prisar eg hans ord; til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva skulde kjøt kunna gjera meg?
6 Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.
7 Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine steg, av di dei trår etter livet mitt.
8 Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!
9 Du hev talt kor ofte eg hev fare på flukt; mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?
10 Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg at Gud er med meg.
11 Ved Gud prisar eg ordet; ved Herren prisar eg ordet.
12 Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann eit menneske gjera meg?
13 Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa dei med takkoffer til deg.
14 For du hev berga mi sjel frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Guds åsyn i ljoset åt dei levande.