«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 54

1  Til songmeisteren, med strengleik; ein salme til lærdom av David,

2  då sifitane kom og sa til Saul: David held seg løynd hjå oss.

3  Gud, frels meg ved ditt namn, og hjelp meg til min rett ved di kraft!

4  Gud, høyr mi bøn, venda øyra til ordi frå min munn!

5  For framande hev stade upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. Sela.

6  Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mitt liv.

7  Det vonde skal falla tilbake på mine fiendar; gjer dei til inkjes i din truskap!

8  Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; eg vil prisa ditt namn, Herre, for det er godt.

9  For or all naud friar han meg ut, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23