Salmenes bok 53
1 Til songmeisteren; etter Mahalat*; ein salme til lærdom av David.
2 Dåren segjer i sitt hjarta: Det er ingen Gud til. Vonde og styggelege er deira misgjerningar; det er ingen som gjer godt.
3 Gud skodar ned frå himmelen på mannsborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
4 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det finst ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.
5 Håttar dei då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje.
6 Då vart dei storleg redde, dei som ikkje visste av reddhug; for Gud spreider beini av dei som lægrar seg mot deg; du gjer dei til skammar, for Gud hev støytt dei burt.
7 Å, gjev det frå Sion må koma frelsa for Israel! Når Gud gjer ende på sitt folks fangetid, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.