Salmenes bok 52
1 Til songmeisteren; ein salme til lærdom av David,
2 då edomiten Doeg kom og fortalde Saul og sa til han: David er komen i Akimeleks hus.
3 Kvi rosar du deg av vondskap, du veldige? Guds miskunn varer all dagen.
4 På tyning stilar di tunga, lik ein kvest rakekniv, du som legg upp svikråder.
5 Du elskar det vonde i staden for det gode, lygn i staden for å tala sant. Sela.
6 Du elskar kvart tynande ord, du svikfulle tunga!
7 So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg ut or tjeldet og rydja deg ut or landet åt dei levande. Sela.
8 Og dei rettferdige skal sjå det og ottast, og dei skal læ åt han og segja:
9 Sjå der den mann som ikkje heldt Gud for si sterke vern, men sette si lit til sin store rikdom, sette sin styrke i sin vondskap.
10 Men eg er som eit grønt oljetre i Guds hus, eg set mi lit til Guds miskunn æveleg og alltid.
11 Eg vil lova deg til æveleg tid, for du hev gjort det, og eg vil venta på ditt namn, for det er godt, for augo på dine trugne.