Salmenes bok 51
1 Til songmeisteren; ein salme av David,
2 då profeten Natan var komen til han, etter han hadde gjenge inn til Batseba.
3 Gud, ver meg nådig etter di miskunn! Sletta ut mine brot etter din store godhug!
4 Två meg vel rein frå mi misgjerning, og reinsa meg frå mi synd!
5 For mine brot kjenner eg, og mi synd er alltid framfor meg.
6 Mot deg einast hev eg synda, og det som vondt er i dine augo, hev eg gjort, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer*.
7 Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd.
8 Sjå, du hev lyst til sanning i inste hjarta; so lær meg då visdom i hjartedjupet!
9 Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø!
10 Lat meg høyra fagnad og gleda, lat dei bein fagna seg som du hev slege sund!
11 Løyn di åsyn for mine synder, og sletta ut alle mine misgjerningar!
12 Gud, skap i meg eit reint hjarta, og nya uppatt ei stødig ånd inni meg!
13 Kasta meg ikkje burt frå di åsyn, og tak ikkje din Heilage Ande frå meg!
14 Lat meg atter få fagna meg yver di frelsa, og haldt meg uppe med ei viljug ånd!
15 So vil eg læra lovbrjotarar dine vegar, og syndarar skal venda um til deg.
16 Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd.
17 Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn kunngjera din pris.
18 For du hev ikkje lyst til slaktoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad.
19 Offer for Gud er ei sundbroti ånd; eit sundbrote og knust hjarta vil du, Gud, ikkje forsmå.
20 Gjer vel imot Sion etter din nåde, bygg murane åt Jerusalem!
21 Då skal du hava hugnad i rettferds offer, i brennoffer og heiloffer; då skal dei ofra uksar på ditt altar.