«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 5

1  Til songmeisteren, til Nehilot*; ein salme av David.

2  Vend øyra til mine ord, Herre, gjev gaum etter min tanke!

3  Lyd til mitt naudrop, min konge og min Gud! For til deg bed eg.

4  Herre, um morgonen høyre du mi røyst; um morgonen legg eg mi sak fram for deg og ventar.

5  For du er ikkje ein Gud som hev hugnad i ugudleg åtferd; den vonde fær ikkje bu hjå deg.

6  Dei ovmodige fær ikkje stiga fram for dine augo; du hatar alle som gjer urett.

7  Du let dei som talar lygn, ganga til grunns; den blodgjeruge og falske mann styggjest Herren ved.

8  Men eg gjeng ved di store miskunn inn i ditt hus, eg kastar meg på kne framfor ditt heilage tempel med otte for deg.

9  Herre, leid meg ved di rettferd for mine motstandarar skuld, jamna din veg for mi åsyn!

10  For det finst ikkje sanning i deira munn; det indre i dei er tyning; strupen deira er ei opi grav; tunga si gjer dei hål.

11  Døm dei skuldige, Gud! Lat dei falla for sine eigne meinråder, støyt dei ned for deira mange misgjerningar! For dei set seg upp mot deg.

12  Då skal dei gleda seg alle som flyr til deg; til æveleg tid skal dei fagna seg høgt, og du skal verna um dei; og dei som elskar ditt namn, skal frygda seg i deg.

13  For du, Herre, velsignar den rettferdige; du vernar han med nåde som med ein skjold.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23