Salmenes bok 46
1 Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot*; ein song.
2 Gud er vår hyggja og vår styrke, ei hjelp i trengslor, røynd og funni stor.
3 Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar i havsens hjarta,
4 um havbårone dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.
5 Der er ei å, hennar bekker gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.
6 Gud er midt i han, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper han i morgonlysingi.
7 Folkeslag rasa, rike vart rikka; han let si røyst ljoda, jordi bråna.
8 Herren, allhers Gud, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
9 Kom og sjå Herrens storverk, som hev gjort øydeleggjing på jordi.
10 Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognene brenner han upp i eld.
11 Hald upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.
12 Herren, allhers Gud, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.