Salmenes bok 45
1 Til songmeisteren, etter "Liljor"*; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik.
2 Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg segjer: Mitt kvede er um ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars griffel.
3 Du er den fagraste av mannsborni, ynde er utrend på dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.
4 Bitt til lendi ditt sverd, du veldige, di høgd og din herlegdom!
5 Og far i din herlegdom sigrande fram for sanning og rettferdigt spaklynde! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.
6 Din piler er kveste, folkeslag fell under deg, dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.
7 Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
8 Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.
9 Av myrra og aloë og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinslott fagnar deg strengleik.
10 Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.
11 Høyr, dotter, og gjev gaum og halla øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,
12 og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! For han er din herre, og du skal falla ned for han.
13 Og Tyrus' dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - rikmennene i folket.
14 Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.
15 I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer henne; dei vert førde inn til deg.
16 Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongsslottet.
17 I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja dei til hovdingar utyver heile jordi.
18 Eg vil prisa ditt namn millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.